•
Lihesten er ein fin tur å gå fra porten. Her er det 15 min med båt ut, og det tar ein heil dag å gå turen. For kort video av området kan du
klikke her for å sjå video på YouTube. Ein kan også gå frå Lekva i Lifjorden.
•
Alden-fjellet er også ein veldig fin tur. Her går det ca 1 time og 20 minutt med båt. Les meir om denne turen på
Lammetun Ferie og Fritid her.
Lammetun Ferie og Fritid har også paintball, dersom nokon vil prøve dette – samt Lammetun Kystfort, som er ein kjekk plass å sjå.
Turen tek ca. 40 minutt med båt, evt. 30 minutt med bil.
• Øya Aralden har ei fin strand som blir flittig brukt om sommaren. Turen hit tek ca. 50 min med båt.
• Værlandet/Bulandet er også ein fantastisk fin tur. Her er det moglegheiter for å bruke bil, båt og sykkel – eller alternativt ta ferje frå Fure.
•
Leonardsforlaavelse er på Hellevik, der ein kan kjøre ein tur på 15 min.
Les meir på
her.
• Hjertebladhagen – Skifjorden, ein kjøretur på ca 12 min. Her finn ein også Skifjorden Bryggeri, som tilbyr omvisningar og prøvesmaking etter avtale.
Denne turen tek ca. 10 minutt med bil.
• Kvernsteinsparken på Hyllestad – ca. 10 minutt kjøring.
Her ligg også Hyllestadhallen, med Norges beste biljardhall. Her må ein sjekke opningstider på Hyllestad sine kommunale sider.
• UWC/Hauglands senteret – ca 35 min kjøring.
Badeanlegg, rehabiliteringssenter og mange aktivitetar.
• Nesje – ca 35 min med bil
• Lavik Hotel – eit lokalt hotell i Lavik som får mykje skryt for maten. Ca. 35 min kjøring i retning Førde.
• Dagturhytta på Akse i hyllestad ein fin tur. Her må ein berekne ca. 20 minutt kjøring frå hyttefeltet, samt ein tur på 20 minutt å gå til ein når hytta.
Her kan ein også gå vidare til Hesjetinden, ein tur på ca. 1 time frå dagsturhytta.
• Jakob Sande-tunet i Dale. Ein kjøretur på ca 35 minutt.
• Skjerjehavn, ein gammal handelsplass frå gammelt av som er fiksa opp rehabilitert.
Her arrangerar dei også UTKANT festivalen. Frå hyttefeltet tek turen litt over 1 time med båt.