Om hyttefeltet

Unike hyttetomter med panoramautsikt, god plass og nærhet til både sjø, fjell og fritidsaktivitetar for store og små. Her kan ein utforske naturen både over og under vassflata med populære turområder, fiske, dykking og leik & moro. Hyttefeltet ligg heilt ved sjøkanten, har meget gode solforhold og ligg usjenert tilrettelagt. Her kan alle trivst!

VISNING AV HYTTEFELTET

Kontakt oss gjerne for å avtale visning av hyttefeltet, området og for informasjon om aktivitetar.

Sørbøvågen Hyttefelt tilbyr

UNIKE TOMTER MED SJØUTSIKT & BÅTPLASS.

Her får du unike hyttetomter med panoramautsikt, usjenert beliggenhet og moglegheit for fast båtplass ved nybygd molo med god beskyttelse. Tomtene er av god størrelse, og byr på moglegheiter for alle og ein kvar. Området har også eit yrande dyre- og fiskeliv, samt fantastiske turområder.

Hos oss får du stor valgfrihet.

FINN DI FAVORITTHYTTE & VELG DEN PERFEKTE TOMTA.

Hos oss får du valgfriheit når du skal finne den perfekte hytta for di tomt. Spør oss gjerne om råd og tips til lokale aktørar og moglegheiter. Ønsker du å dyrke, plante og ordne med hagearbeid har vi også tilgang til dyrka mark som ein kan benytte. Spør oss gjerne om meir informasjon.

Fiske

Eit paradis for den fiskeinteresserte. Her finn ein “alle typar fisk” i fjorden, samt gode ferskvatn for ørretfiske og populære lakseelver i nærleiken. Av desse kan ein nemne blant anna Osfossen, Nausta og Gaula. Les meir om aktivitetar og området her.

Dykking

Sognefjorden byr på eit yrande fiske- og dyreliv der ein kan oppleve norsk natur, under vannoverflata. Hos lokale samarbeidspartnerar kan ein ta dykkerkurs, få instruksjonar og gode tips/råd. Spør oss gjerne om meir informasjon, eller les meir om fritidsaktivitetar her.

Turområder

I området finn ein tur- og friluftsaktivitetar for alle. Lihesten er blant anna eit populært dagsturmål for mosjonisten. Les meir om turområder her.